Arkhangelsk oblast | |||
Архангельская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Den nordvestlige føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Arkhangelsk | ||
Areal | 587 400 km² | ||
Folketal | 998 072 (2024) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Bilnummer | 29 | ||
Arkhangelsk oblast 63°30′N 43°00′E / 63.5°N 43°E | |||
Wikimedia Commons: Arkhangelsk Oblast |
Arkhangelsk oblast[a] er eit oblast nordvest i Russland. Arkhangelsk oblast er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Oblastet er oppkalla etter hovudstaden, byen Arkhangelsk. Oblastet er på storleik med Frankrike, med ei flatevidd på 587 400 km² og 20 distrikt, 13 byar, 38 bynære bygder og kring 4000 bygder. Oblastet omfattar òg det autonome området Nenetsia, Novaja Zemlja-øyane og Franz Josef Land. Arkhangelsk oblast grensar mot republikken Karelia og oblasta Vologda oblast og Murmansk oblast. Oblastet er omgjeve av tre hav; Kvitsjøen, Barentshavet og Karahavet aust for Novaja Zemlja. På gamle kart vart dette området kalla Dvinskaja Zemlja (Dvinaland).
Hovudnæringa er skogbruk, med trearbeid og papirproduksjon. Arkhangelskregionen har òg mykje industri knytt til militær verksemd. Landbruket er konsentrert om reindrift og produksjon av kjøt og meieriprodukt frå kveg.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne