Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Arkitektur

Arkade med kvelvingar, søyler og vindauge.
Pont du Gard, ein romersk akvedukt i Frankrike frå om lag år 19 f.Kr., vert sett på som verneverdig arkitektur.

Arkitektur er ei nemning for den ytre og indre utforminga av byggverk, bygningar, bruer og andre konstruksjonar, innbu i hus, og planmessig tilforming av terreng i samband med inngrep og utbygging.

Faget er rekna både som ein kunst og ein vitskap, ettersom det krev både kunnskap om byggjemateriale og teknikk på den eine sida, og om formgjeving og forståing av bruk og oppleving av byggverket på den andre. Fagfeltet er også knytt til tradisjonar knytt til byggestil frå visse område, tidsrom eller stilperiodar. Ein som har arkitektonisk utforming som yrke, blir kalla arkitekt. Men også byggmeistrar, byggherrar og kvar ein som reiser bygg eller utformar landskap kan seiast å driva med arkitektur, jamvel om ikkje all arkitektur kan karakteriserast som god arkitektur.


Previous Page Next Page






Argitektuur AF Architektur ALS ሥነ ሕንጻ AM Arquitectura AN عمارة Arabic هندسة معمارية ARY عماره ARZ স্থাপত্য AS Arquiteutura AST Vegeduropa AVK

Responsive image

Responsive image