Auckland, Tāmaki-makau-rau Tāmaki-makau-rau (maori) | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Øy Region |
Nordøya Auckland | |
Geografi | ||
Flatevidd | 1 086 km² | |
Innbyggjarar | 1 333 300 (2006) | |
Innbyggjarar - By (2006) |
1 470 100[1] | |
Koordinatar | 36°51′S 174°47′E / 36.850°S 174.783°E | |
Høgd over havet | 196 m | |
Tidssone | UTC+12:00, UTC+13:00 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: http://www.aucklandcouncil.govt.nz/ |
Auckland på Nordøya av New Zealand er det største av dei bymessige områda på New Zealand. Den noverande Auckland-regionen starta som fire frittståande byar, Auckland City, Waitakere, Manukau og North Shore. Desse har med tida vakse saman, men var fram til 2010 fire avskilde administrasjonsområde med eigne valde bystyre og administrasjonar. På maorispråk vert Auckland kalla Tāmaki Makau Rau eller den maorifiserte forma av namnet Auckland, Ākarana.
Auckland ligg 37 grader sør for ekvator. Det tettbygde området strekkjer seg mellom Haurakigolfen i Stillehavet i aust, dei låge Hunua Ranges åsane i søraust, Manukau Harbour, ein fjord i sørvest, og Waitakere Ranges-åsane i vest og nordvest. Sentrum av byområdet ligg på ei smal landtunge som fungerer som eit skilje mellom Manukauhamna som ligg ved Tasmanhavet og Waitematahamna på Stillehavssida. Auckland er ein av dei få byane i verda som har hamneområde ved to ulike verdshav.
Folketalet i Auckland er over 1,3 millionar menneske, dette gjer byen til langt den største på New Zealand, då nesten tredjeparten av alle innbyggjarane i landet er busette der.