Audnedal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vest-Agder | ||
Adm.senter | Konsmo | ||
Areal | 251 km² | ||
• land | 237 km² | ||
• vatn | 14 km² | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Reidun Bakken (KrF) | ||
Kommunenr. | 1027 | ||
Audnedal kommune 58°23′N 7°22′E / 58.38°N 7.37°E | |||
Kart som viser Audnedal kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Audnedal | |||
Nettstad: www.audnedal.kommune.no |
Audnedal er ein tidlegare norsk kommune i Vest-Agder fylke, sidan 2020 ein del av Lyngdal kommune. Innlandskommunen grensa til Aust-Agder fylke i nordaust. I nord grensa kommunen mot Åseral kommune, og i vest mot Hægebostad kommune. I sør var grensa mot Lyngdal og Lindesnes kommunar, og i aust mot Marnardal kommune.
I 1963 vart Konsmo og Grindheim kommunar og delar av Bjelland kommune slegne saman til Audnedal kommune. 1. januar 2020 blei Audnedal slått saman med Lyngdal til nye Lyngdal kommune.
Elva Audna byd på godt fiske etter laks og sjøaure. Riksveg 460 går i elvedalen. Sørlandsbanen kryssar kommunen og Audnedal stasjon er stoppestad for fjerntog. Vest for stasjonen går banen gjennom Hægebostadtunnelen som er mellom dei lengste jernbanetunnelane i Noreg.