Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Austfonna

Austfonna
isbre
Sørleg/vestleg utløp mot Hinlopen-stredet
Land  Svalbard
Område Nordaustlandet
Type Iskalott
Areal 8 492 km²
Tjukn 560 m
Toppunkt 783 moh.
Koordinatar 79°47′N 24°40′E / 79.78°N 24.66°E / 79.78; 24.66
Kart
Austfonna
79°47′N 24°40′E / 79.78°N 24.66°E / 79.78; 24.66
Wikimedia Commons: Austfonna

Austfonna er ei iskappeNordaustlandetSvalbard. Med sine 8 102 km² (8 492 km² om ein tek med Vegavonna[1]) er ho arealmessig den største breen i Europa og den åttande største i verda.[2] Breen har eit volum på 1 900 km³ (utanom Vegafonna) som er det nest største i Europa etter Vatnajökull i Island (om ein ser bort frå den større iskappa SevernyNovaja Zemlja i Russland, som ligg heilt nordaust i Europa) og den sjuande største i verda.[3]

Austfonna har ein tjukkleik på opp til 560 meter (235 meter i snitt) og ein omkrins på 200 km. Det høgaste punktet på breen er 783 meter over havet.

Den sørlege tredjedelen av Austfonna vert stundom kalla Sørfonna, som er ei separat iskappe skild frå Austfonna av eit isfylt søkk.[4]

Vegafonna i sørvest heng òg saman med Austfonna, særleg Sørfonna. Ericadalen går mellom dei to breane. Både Sørfonna og Vegafonna dannar eigne kuplar. Like vest for Vegafonna ligg iskappa Glitne, som vert rekna som ein del av Vegafonna.

Vestfonna nordvest på Nordaustlandet er ei heilt eiga iskappe og den tredje største på Svalbard og i Noreg.

  1. Statistisk årbok 2007: Geografisk oversikt
  2. [1]
  3. 01. Maantieteellisiä tietoja aihepiireittäin (Geographical data by theme), arkivert frå originalen 2. september 2009, henta 2. september 2009 
  4. Artikkel frå 1956

Previous Page Next Page






Austfonna AST Ostfonna buzlağı AZ Austfonna Catalan Austfonna German Austfonna English Austfonna Spanish Austfonna EU Austfonna French Austfonna Italian Austfonna Dutch

Responsive image

Responsive image