Nordhordland er ei avis som kjem ut i Lindås i Nordhordland i Vestland fylke. Avisa dekker seks kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane: Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Masfjorden, Fedje og Gulen. Avisa er den største lokalavisa i distriktet, og konkurrerer med avisa Strilen, som òg dekkjer området Nordhordland.
Strilen, som er fleire år eldre, vart passert som den største avisa i regionen i 2004.
Avisa Nordhordland vart etablert i 1974, og gav ut si fyrste avis 20. november 1974. Avisa kjem ut to gonger i veka.
Offisielle lesartal frå Forbruker og Media viser at avisa har 19 000 lesarar av papirutgåva, og 7 000 lesarar av nettutgåva.[1]