Bakka | |||
stad | |||
Bakka
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Aurland | ||
Postnummer | 5749 BAKKA | ||
Preposisjon | på Bakka | ||
Ferdselsårer | Fv241 | ||
Bakka i Sogn 60°54′58″N 6°52′08″E / 60.916111111111°N 6.8688888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Bakka |
Bakka er ei grend i Nærøyfjorden i Aurland kommune i Vestland fylke. Staden ligg på vestsida av fjorden, fem kilometer nordom Gudvangen.
På Bakka ligg Bakka kyrkje frå 1859.[1] Kyrkja er soknekyrkje i Nærøy sokn og ein valde Bakka som kyrkjestad fordi det er midt i soknet. Grenda femner to matrikkelgardar, Bakka med gardsnummer 65 og Tufto med gardsnummer 66.[2]
Bakka har vegsamband til Gudvangen med Fv241, og derfrå vidare til Flåm og kommunesenteret Aurlandsvangen på Europaveg 16. I 2000–01 vart det bygd tunnel på ein rasfårleg del av fylkesvegen mellom Gudvangen og Bakka. Tunnelen heiter Bakkatunnelen og er vel 1,7 km lang og har eitt køyrefelt.[3]