Bambaiya eller bombayhindi er det ein kallar språket som blir brukt til dagleg mellom ulike innbyggjarar i Bombay (Mumbai). Det er ei forenkla utgåve av hindi, med mange lånte ord og uttrykk frå andre språk, og kan gjerne kallast eit pidginspråk. Det har svært forenkla ordforråd, grammatikk og fonologi samanlikna med standard hindi.