Bergen Byarkiv | |||
![]() | |||
Skipa | 1979 | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Adresse | Kalfarveien | ||
Nettstad | https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/bergen-byarkiv (norsk) |
Bergen Byarkiv er eit kommunalt arkiv for Bergen kommune. Det vart skipa i 1979 etter framlegg frå ein arkivkomité som vart sett ned i 1975. Det vart tilsett ein byarkivar, og institusjonen fekk mellombels lokale i Allehelgensgate 5 i påvente av at permanente lokale skulle stå ferdig etter om lag 10 år. Ny permanente lokale vart teke i bruk 7. juni 2004 i det som tidlegare hadde vore Hansas gamle bryggeri i Kalfarveien 82 på Kalfaret. Byarkivet er no organisert i fem underavdelingar under administrasjonen, som er byarkivaren og to konsulentar. Til saman har byarkivet om lag 90 tilsette.
Grunnstammen i byarkivet er det såkalla Stadsportarkivet som vart overført frå Statsarkivet i Bergen i 1982. Stadportarkivet inneheld somme sentrale arkivseriar frå 1700- og 1800-talet.