Bergen stasjon | |
Stasjonsområde | |
---|---|
Stad | Bergen |
Høgd | 3,9 moh. |
Opna | 1913 |
Arkitekt | Jens Zetlitz Monrad Kielland |
Linjer og rutedrift | |
Linje(r) | Bergensbanen |
Eigar(ar) | Bane NOR Eiendom |
Overgang | |
Bybane | Bybanen i Bergen |
Bergen stasjon ligg i Bergen sentrum, og vart opna i 1913, fire år etter at Bergensbanen var opna på heile strekninga mellom Bergen og Oslo. Stasjonen vart teikna av Jens Zetlitz Monrad Kielland, etter at ein arkitektkonkurranse vart utlyst i 1900, og erstatta den tidlegare jarnbanestasjonen i Bergen, som var teikna og bygd for Vossabanen. I 2003 vart Bergen stasjon freda ved forskrift.
Bergen stasjon, som er endestasjonen for Bergensbanen, er ein såkalla «sekkestasjon». Stasjonsbygningen har symmetrisk grunnplan forma som ein U ikring enden av spora, med toghallen mellom. Toghallen er ein boga fagverkskonstruksjon i stål med store overlysfelt, og har elles taktekking av skiferstein frå Voss. To plattformer strekker seg ut frå toghallen, og er utanfor denne dekt av smale glastak som kviler på Y-forma stålstolpar.
Dei utvendige fasadane på stasjonsbygingen er i gneis frå Skreien i Vaksdal kommune, og taket er tekt med vossaskifer.