Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.
Bihu
Bihu er namnet på fleire årstidfestivalar i den indiske delstaten Assam, og på musikk og dans som er viktige delar av festivalane. Tradisjonelt har alle typar assamesarar, frå ulike stammergrupper, kastar og religionar, feira desse høgtidene.
Bihu blir feira ved tre årleg høve:
Bohag- eller rongalibihu er den største feiringa, og markerer byrjinga av såtida og det nye året (sjå bengalsk nyttår). Ho går over sju dagar. I den vestlege kalenderen fell feiringa i midten av april.
Kati- eller kongalibihu finn stad når ein er ferdig med risplantinga, i midten av oktober.
Magh- eller bhogalibihu blir feira ved innhaustinga, i midten av januar (sjå sankranti). Denne bihuen varer i to dagar.