Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Biologisk rekkje

Rekkje er ein kategori nytta i den biologiske systematikken.[1] Ei rekkje kan omfatte ein eller fleire nærskylde klassar, og ei eller fleire nærskylde rekkjer kan samanfattast som rike. I botanikken blir rekkjer av og til omtala som avdelingar eller divisjonar. Av og til blir og fylum (etter den latinske omgrepet for rekkje, phylum) brukt.

I likskap med andre biologiske takson (med mogleg unnatak av arten) er det eit rent skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle rekkje. Innanfor dagens systematikk er ein derfor meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.

I botanikken blir det vitskapelege namnet for ei rekkje danna ved at rota av namnet på typusslekta får endinga -phyta (for alger og landplantar) eller -mycota (for soppar). Dei tilsvarande endingane for underrekkjer er -phytina og -mycotina.

  1. Hovde, Kjell-Olav; Sømme, Lauritz S. (18. juni 2024). «rekke – biologi». Store norske leksikon (på norsk). 

Previous Page Next Page