Bolanpasset er eit fjellpass i austre Balutsjistan vest i Pakistan, 120 km frå grensa til Afghanistan. Passet går gjennom Toba Kakar-fjella, ei sidekjede til Himalaya. Passet er rundt 89 km langt, og er danna av fleire tronge juv. På det vidaste er passet 26 km breitt, denne delen ligg sør for Mach på Lalejisletta.[1] Bolanelva renn gjennom delar av passet.
Bolanpasset går frå Dadar på Karachi-slettene, omkring 100 meter over havet, til høgslettene rundt Quetta, omkring 1700 meter over havet.[2] Det bind saman Jacobabad og Sibi med Quetta med både veg og jernbane.[1]
Passet ligg strategisk til, og har blitt brukt av både nomadar, handelsfolk og erobrarar mellom Sentral- og Sør-Asia.[3] Det var viktig i dei britiske felttoga i Afghanistan. I 1883 forhandla Robert Groves Sandeman fram ein avtale med khanen av Kalat, Khudadad Khan, der britane fekk kontroll over passet mot å betala ei årleg avgift.[4]
Den lokale folkesetnaden er hovudsakleg stammar av brahuifolk.[5][6]