Borgarkrigstida | ||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Birkebeinane fraktar den vesle kongsarvingen Håkon Håkonsson i tryggleik for fienden baglarane. Knud Bergslien har måla denne kjende soga frå borgarkrigstida. | ||||||||||
| ||||||||||
Partar | ||||||||||
Birkebeinane | Baglarane | Ribbungane | ||||||||
Kommandantar | ||||||||||
Øystein Møyla |
Eirik Ivarsson |
Sigurd Ribbung |
Borgarkrigstida eller innbyrdeskrigane er nemningar på kampar om makta i Noreg mellom 1130 og 1240.
Borgarkrigstida kan delast inn i tre fasar:
Byrjinga på borgarkrigstida går attende til då Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Makta vart delt mellom tre søner som heldt kvar si hird. Etter lova kunne alle ekte og uekte etterkommarar at kongen bli konge, og nye kongsemne hevda å vera kongssøner, og gjorde krav på kongsnamn. Etter kvart utvikla stridane seg til open strid mellom ulike flokka mellom anna lendmannspartiet, birkebeinane og baglarane. Kong Sverre utrudde dei fleste av lendmennene og konsoliderte makta si, men møtte ny motstand frå kyrkja og erkebiskopen i Nidaros, Øystein Erlendsson. Son til Sverre, Håkon Sverresson, inngjekk forlik med kyrkja, men døydde etter kort tid. Håkon Håkonsson vart vald til konge i 1217 mot kandidatuet til Skule Bårdsson. I 1237 fekk Skule tittelen hertug, men det var ikkje nok til å stagga ambisjonane hans, og i 1239 fekk han gitt seg sjølv kongsnamn på Øyratinget. Skule vart etter kvart drepen av kong Håkon sine menn. Borgarkrigane i Noreg tok så slutt.