Britisk Antarktis | |||
territorium | |||
|
|||
Nasjonalsong: God Save the King | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | • London (administrativt) • Rothera (hovudbase) | ||
Språk | engelsk | ||
Leiar | Charles III | ||
• Kommissær | Paul Candler | ||
• Visekommissær | Jane Rumble | ||
• Administrator | George Clarkson | ||
Britisk Antarktis 75°S 50°W / 75°S 50°W | |||
Kart som viser Britisk Antarktis.
| |||
Wikimedia Commons: British Antarctic Territory |
Britisk Antarktis (BAT: British Antarctic Territory) er ein sektor i Antarktis som Storbritannia har gjort krav på som eit av sine 14 britiske oversjøiske territorium. Området dekkjer regionen sør for 60 °S til Sørpolen og mellom lengdegradene 20 °V og 80 °V. Området overlappar kravområda til Argentina (Argentinsk Antarktis) og Chile (Chilensk Antarktis). Territoriet vart danna 3. mars 1962, sjølv om det britiske kravet går attende til Letters Patent i 1908 og 1917. Området dekkjer no tre regionar som før 1962 vart adminsitrert av britane som eigne biland under Falklandsøyane: Graham Land, Sør-Orknøyane og Sør-Shetlandsøyane. Etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961, seier paragraf 1 at «Denne avtalen anerkjenner, motstrider eller oppretter ikkje territoriale krav. Det skal heller ikkje fremjast nye krav medan avtalen er i kraft» og dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent kravområda i Antarktis.[1]
Området er busett av besteninga på forskingsstasjonane som vert drivne og vedlikehaldne av British Antarctic Survey og andre organisasjonar, og stasjonane til Argentina, Chile og andre land. Det er ingen faste innbyggjarar.