Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Britisk Nord-Amerika

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Britisk Amerika.

Britisk Nord-Amerika viser til områda Storbritannia kontrollerte på kontinentale Nord-Amerika etter at landet anerkjende USA i 1783. Nemninga blei først nytta uformelt i 1783, men var generelt uvanleg før Report on the Affairs of British North America (1839), også kalla Durham-rapporten.[1] Desse territoria utgjer i dag Canada og Pacific Northwest (stillehavskysten i nordvest) i USA.

Ved den amerikanske revolusjonen i 1775 kontrollerte Storbritannia tjue koloniar nord for Mexico. Ved Parisavtalen i 1783 fekk dei tretten amerikanske koloniane anerkjend sjølvstendet, og Florida (Austflorida og Vestflorida) blei overgjevne til Spania. Dei gjenverande britiske koloniane slutta seg etterkvart saman i staten Canada. Unntaket var Newfoundland, som ikkje blei del av Canada før i 1949.

  1. John Lambton, 1. jarl av Durham (1839): «Report on the Affairs of British North America»

Previous Page Next Page