Det grunnleggjande nivået i lokalstyret i Serbia byggjer på byar og kommunar, som er grupperte i 29 adminstrative distrikt, bortsett frå hovudstaden Beograd, som ikkje er del av noko distrikt, men som har status på same nivå som distrikta.
Serbisk statisisk sentralbyrå klassifiserer busetjingane på dette adminstrative nivået som urbane (byar) eller landlege (kommunar). Denne inndelinga er ikkje berre avhengig av storleik, men òg administrative og lovmessige krav. Byane har ein særeigen status med sjølvstyre og eit bystyre, samt ein folkevald borgarmeister.
Det er (2024) 145 kommunar og 29 byar i Serbia. Somme av dei største byane er delte inn i bydelskommunar.