Nøyaktigheit: Det er usemje om den faglege presisjonen på denne artikkelen. Han kan innehalde faktafeil. Sjå diskusjon for detaljar. |
Bybanen i Bergen Bybanen | |
Transporttype | Bybane |
Stad | Bergen i Noreg |
Opna | 22. juni 2010 |
Opna av | Sonja av Noreg |
Drift | |
---|---|
Eigar | Hordaland fylkeskommune gjennom Bybanen AS |
Operatør | Fjord1 Partner på vegner av Skyss |
Sporlengde | 20,4 km |
Sporvidde | 1 435 mm |
Elektrifisering | køyreleidning 750 volt |
Linjer | 1 |
Stasjonar | 20 |
Passasjertal | 31 000 dagleg |
Vognmateriell | |
Vognar | 12 |
Lengd | 32,2 m |
Breidde | 2,65 m |
Høgd | 3,5 m |
Vekt | 40 tonn |
Høgste fart | 80 km/t |
Høgste fart i drift | 70 km/t |
Passasjerar | 212 |
Bybanen i Bergen (Bybanen) er ein dobbeltspora, elektrisk driven sporveg for persontrafikk i Bergen, bygd etter bybanestandard. Førebels har bybanen berre ei line, men det ligg føre planar om å bygge ut eit vidtfemnande linenett etter kvart. Det er offisielt vedteke at namnet på dette kollektivsystemet skal vere Bybanen i Bergen.
Vedtaket om bygging av ei bybaneline frå sentrum mot Nesttun og deretter vidare til Bergen lufthamn Flesland over Sandsli og Kokstad vart gjort i 2000. Bygginga av fyrste byggesteget, strekninga mellom sentrum og Nesttun, tok til i januar 2008, og banen vart høgtideleg opna av dronning Sonja for ordinær trafikk 22. juni 2010. Andre byggesteget, frå Nesttun til Lagunen, opna 21. juni 2013. Tredje byggesteget, frå Lagunen til Bergen lufhamn Flesland opna fram til Birkelandsskiftet 15. august 2016, og fram til Flesland 22. april 2017. Bybanen fekk 5. oktober 2011 prisen som Worldwide Project of the Year av Light Rail Transit Association i London, Storbritannia og i 2012 Vakre vegers pris.