Bydgoszcz | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Kujaviskpommerske | ||||
Grunnlagd Byrettar |
Før 1238 1346/1349 | ||||
Borgarmeister | Rafał Bruski | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
175 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
364 953 2085/km² | ||||
Koordinatar | 53°7′0″N 18°0′0″E / 53.11667°N 18.00000°E | ||||
Høgd over havet | 60 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 85-001 til 85-915 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 52 | ||||
Bilnummer | CB | ||||
Nettstad: www.bydgoszcz.pl |
Bydgoszcz (tysk Bromberg, litauisk Bydgoščius, latinsk Bydgostia) er ein by nord i Polen ved elvane Brda og Wisła. Med om lag 365 000 innbyggjarar er han den åttande største byen i landet. Han er i dag hovudstad i Kujaviskpommerske voivodskap og var tidlegare (1947-1998) hovudstad i Bydgoszcz voivodskap og (1945-1947) Pommerske voivodskap.
Bydgoszcz er ein del av storbyområdet Bydgoszcz-Toruń i lag med Toruń, som berre ligg 45 km unna, med totalt 850 000 innbyggjarar. I Bydgoszcz ligg Kazimierz Wielki Universitet, Teknologi- og biovitskapsuniversitetet og eit konservatorium. Bydgoszcz har ein kjend konserthall (Filharmonia Pomorska), operahuset Opera Nova. Frå Bydgoszcz Ignacy Jan Paderewski lufthamn er det ruter til Warszawa, London, Dublin, Liverpool, Berlin, Katowice, Wien, København og Düsseldorf-Weeze, samt charterruter til Antalya, Kreta og Tunis. Sidan han ligg mellom elvene Wisła og Oder ved Bydgoszcz-kanelen, er byen eit viktig knutepunkt i vassvegsystem langs Noteć, Warta, Oder, Elbe og Rhinen til Rotterdam.