Charles III | |||
| |||
Fullt namn | Charles Philip Arthur George Mountbatten-Windsor | ||
---|---|---|---|
Fødd | 14. november 1948 (76 år) | ||
Fødestad | Buckingham Palace i England i Storbritannia | ||
Mor | Elizabeth II av Storbritannia | ||
Far | Prins Philip, hertug av Edinburgh | ||
Ektefelle | Diana Spencer (1981–1996) Camilla Parker Bowles (2005–) | ||
Barn | William av Wales Henry av Wales | ||
Hus | Windsor | ||
Medlem | Det britiske kongehuset Royal Society of Literature Académie des sciences morales et politiques White's Royal Society |
Charles III (fødd 14. november 1948) er konge av Storbritannia og 14 andre land i Samveldet av nasjonar: Antigua og Barbuda, Australia, Bahamas, Belize, Canada, Grenada, Jamaica, New Zealand, Papua New Guinea, Saint Kitts og Nevis, Saint Lucia, Saint Vincent og Grenadinane, Salomonøyane og Tuvalu. Han vart konge etter at mor hans, dronning Elisabeth II, døydde den 8. september 2022.[1] Han var då den eldste personen til å koma på trona i britisk historie, i ein alder av 73 år. Kroninga fann stad den 6. mai 2023 i Westminster Abbey.[2]