Clermont-Ferrand | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Auvergne-Rhône-Alpes Puy-de-Dôme | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 42,67 km² | ||
Flatevidd - By |
42,67 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
137 140 3 214/km² | ||
Koordinatar | 45°46′50″N 3°05′15″E / 45.78056°N 3.08750°E | ||
Høgd over havet | 358 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 63113/ 63000 | ||
Heimeside: Offisiell heimeside | |||
Plassering | |||
![]() |
Clermont-Ferrand (auvergnat Clarmont-Ferrand/Clarmont d'Auvèrnhe) er ein by i Frankrike og hovudstad i regionen Auvergne med eit folketal på om lag 140 000. Byen er òg prefecture (hovudstad) i departementet Puy-de-Dôme.
Clermont-Ferrand ligg på sletta Limagne i Massif Central og er omringa av eit stort industrielt område. Byen er kjend for ei rekkje vulkanar som ligg rundt byen, Chaîne des Puys. Puy-de-Dôme, 13 km frå byen, er den høgaste av desse, og er kjend for TV-antenna som står på toppen og som er synleg frå stor avstand.
Den største i Clermont-Ferrand er place de Jaude, der det står ein stor statue av Vercingetorix sittande på ein hest med eit sverd i handa. På inskripsjonen står det: J'ai pris les armes pour la liberté de tous (Eg tok til våpen for fridom for alle). Statuen vart laga av Frédéric Bartholdi, som òg laga Fridomsgudinna.