Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


County Sligo

Sligo
Sligeach
county
Symbol
Land  Irland
Provins Connacht
Hovudstad Sligo
Areal 1 838,0 km²
Folketal 65 393 (2011)
Bilnummer SO
Kart
County Sligo
54°15′00″N 8°40′00″W / 54.25°N 8.6666666666667°W / 54.25; -8.6666666666667
Kart som viser County Sligo.
Kart som viser County Sligo.
Kart som viser County Sligo.
Wikimedia Commons: County Sligo

County Sligo (irsk Contae Shligigh eller berre Sligeach)[1] er eit grevskap i Republikken Irland vest på Irland i provinsen Connacht.

County Sligo grensar til Mayo i vest, Roscommon i sør og Leitrim i aust. I nord ligg Atlanterhavet. Kystlinja er broten av ulike steinformasjonar og buktar som Killala Bay og Sligo Bay ved byen Sligo.[2]

Gravstader i Carrowkeel.

Grevskapet blei danna av sir Henry Sydney i 1579.[2] Det finst ei rekkje førhistoriske byggverk i stein her, som Meadbhs grav på toppen av Knocknarea og ei rekkje steinaldergraver mellom Carrowkeel og Knockalongy.

Forfattaren og nobelprisvinnaren William Butler Yeats var mykje av barndommen sin nord i Sligo og landskapet der inspirerte mykje av poesien hans. Han sa sjølv at «staden som mest har påverka livet mitt er Sligo».[3]

  1. «Sligeach». Placenames Database of Ireland – logainm.ie. Henta 18. november 2024. 
  2. 2,0 2,1 «Sligo (county)» i Encyclopædia Britannica, 1911
  3. «William Butler Yeats: Quotations (3)»

Previous Page Next Page