Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Dale-Gudbrand

Dale-Gudbrand, teikna av Halfdan Egedius

Dale-Gudbrand var ein mektig mann som heldt til på garden Hundorp i Gudbrandsdalen1000-talet.

Heimskringla fortel at «han var liksom konge over Gudbrandsdalen, men var herse av namn», og Sigvat skald hadde likna makta hans med den til Erling Skjalgsson i eit kvad.

I 1021, då Dale-Gudbrand fekk høyra at kong Olav Haraldsson fór rundt og tvinga folk til å ta ei ny tru, kristendommen, samla han folk for å kjempa imot. Kongen og Dale-Gudbrand blei einige om å møtast til ting. Medan dei som var samla der blei overvelda av sola som stod opp, og som Olav likna med den nye guden, slo Kolbein sterke sund Torsbiletet som var der med kølla si, og mus og småkryp kom ut. Denne hendinga markerte innføringa av kristendommen i Gudbrandsdalen. Sør-Fron kommune har seinare teke kølla som symbol på kommunevåpenet sitt.


Previous Page Next Page






Dale-Gudbrand English Dale-Gudbrand Spanish Dale-Gudbrand NB

Responsive image

Responsive image