Kongeriget Danmark
(norsk: Danmark, dansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Der er et yndigt land» | ||||||
Motto | – Kongen sitt valspråk: «Forbundne, forpligtet, for Kongeriget Danmark». | ||||||
Offisielle språk | Dansk | ||||||
Hovudstad | København | ||||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Frederik X Mette Frederiksen | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
43 094 km² (131.) 1,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
5 605 948 (114.) 130,1 /km² (67.) | ||||||
Nasjonaldag | 5. juni | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
257 100 mill. USD (57.) 46 600 USD (25.) | ||||||
Valuta | Dansk krone | ||||||
Tidssone | UTC +1 | ||||||
Telefonkode | +45 | ||||||
Toppnivådomene | .dk
|
Danmark er eit land i Nord-Europa. Det er det sørlegaste av dei nordiske og skandinaviske landa, og ligg sørvest for Sverige og sør for Noreg. Danmark har landgrense til Tyskland, og grensar også til Nordsjøen og Austersjøen. Innbyggjartalet er på om lag 5,5 millionar, og hovudstaden er København.
Geografisk utgjer Danmark ei stor halvøy, Jylland, og ei rekkje øyar, der Sjælland, Fyn, Lolland, Falster og Bornholm er dei mest kjende. Kongeriket Danmark femner saman med sjølve Danmark bilanda Grønland og Færøyane.
Danmark er ein velferdsstat med blandingsøkonomi. Levestandarden i landet er høg, og samfunnet er prega av små økonomiske skilnader. Danmark er eit konstitusjonelt monarki med parlamentarisme. Landet vert delt inn i fem regionar og 98 kommunar. Danmark har vore medlem av FN og NATO sidan opprettinga og av EU sidan 1973, men er ikkje ein del av eurosona.
Nasjonalspråket dansk er i stor grad innbyrdes lettfatteleg med norsk og svensk, og har sterke historiske og kulturelle band til dei andre nordiske språka. Om lag 82 % av folkesetnaden, og 90 % av dei etniske danskane, er medlemmer i den lutherske Folkekirken. I 2009 hadde noko over ein halv million danskar utanlandsk opphav, derav om lag halvparten frå andre europeiske land.