Danske monarker | |
![]() |
Danske regentar er ei liste over Danmark sine kongar og regjerande dronningar. Danmark er det einaste landet – utanom Japan – som er vorte regjert av eit enkelt dynasti, gjennom meir enn 1000 år.
Tradisjonen seier at den danske kongerekka vert innleia med Gorm den gamle, sjølv om han ikkje høyrer med i den danske kongerekka, og sjølv om den sikre historiske tida fyrst byrjar under Knud den mektige. Frå denne tida stammar ei årbok frå Lund i Sverige. Alle tidlegare informasjon stammer frå utanlandske kjelder.
Før kongerekka er det ei overlappande rad av segnkongar.
Dei to store, dominerande slektene i det danske kongehuset er huset Oldenburg og huset Glücksburg. Den første av Oldenburgarane var Kristian I, vart konge i 1448 og den siste av denne slekta vart Fredrik VII, som døydde barnlaus i 1863. Fredrik vart etterfølgt av Kristian IX, som vart kjend som «Europas svigerfar» eller «Europas oldefar», fordi fleire av døtrene hans vart gifta inn i andre europeiske kongehus. Dagens kongefamilie er etterkommarar etter Kristian IX.
Som dei andre kongedømma i Vest-Europa er Danmark eit konstitusjonelt monarki.[1] Under den såkalla Påskekrisa i 1920 utfordra Kristian X fleirtalet i Folketinget og etter den tida vart parlamentarismen knesatt i Danmark.[2] Rolla til kongehuset har frå da av vore redusert til symbolske og seremonielle oppgåver.