Dar-es-Salaam | |||
by | |||
|
|||
Land | Tanzania | ||
---|---|---|---|
Region | Dar-es-Salaam | ||
Areal | 1 393 km² | ||
Folketal | 4 715 000 (2016)[1] | ||
Grunnlagd | 1865 | ||
Dar-es-Salaam 6°48′58″S 39°16′49″E / 6.8161111111111°S 39.280277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Dar es Salaam |
Dar-es-Salaam (arabisk دار السلام, romanisert Dār as-Salām) er den største byen i Tanzania og hovudstad i landet fram til 1996, då hovudstaden offisielt blei flytta til Dodoma. Byen hadde 4,7 millionar innbyggjarar i 2016.
Dar-es-Salaam ligg ved kysten av Indiahavet, i regionen Pwani. Han er den viktigaste hamna i Tanzania, og er også viktig for nabolanda Zambia og Kongo. Ein tredel av industriverksemda i Tanzania blir driven her. Dar-es-Salaam har mellom anna tekstilindustri, skoindustri, sementindustri, tobakkindustri, bryggjeri og oljeraffineri.