Dei strategiske rakettstyrkane (RVSN RF; Raketnye voyska strategicheskogo naznacheniya; Ракетные войска стратегического назначения) er ei forsvarsgrein i det russiske forsvaret som er direkte underlagt Forsvarsdepartementet i Russland. SRF styrar Russland sine landbaserte interkontinentale ballistiske missil. Styrkane vart først danna som del av dei væpna styrkane til Sovjetunionen, og då Sovjetunionen braut saman i 1990-1991 vart namnet endra. Hovudkvarteret og militærstaben ligg i Vlasikha ZATO. Sjefen for desse styrkane sidan 2010 er i 2017 framleis Sergej Viktorovitsj Karakajev.
Dei strategiske rakettstyrkane vart oppretta i desember 1959 som den viktigaste sovjetiske styrken som kunne brukast for å angripa ein fiende som sjølv hadde kjernefysiske våpen. Måla kunne vere militære anlegg og kjernefysisk industriell infrastruktur i desse landa.[1] I 2017 otte dei alle russiske kjernefysiske bakkebaserte interkontinentale ballistiske missil (ICBM).[2]