Dei syriske kystfjella | |||
fjellkjede | |||
Kart over Syria som syner fjellkjeda
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Riftdalen | ||
Koordinatar | 35°15′N 36°06′E / 35.250°N 36.100°E | ||
![]() Dei syriske kystfjella 35°15′N 36°06′E / 35.25°N 36.1°E | |||
Dei syriske kystfjella (arabisk سلسلة الجبال الساحلية, Silsilat al-Jibāl as-Sāḥilīyah) er ei fjellkjede nordvest i Syria som går nord-sør, parallelt til kystsletta.[1] Fjella har ei gjennomsnittleg breidde på 32 km og høgda er like over 1200 meter. Den høgaste toppen er Nabi Yunis på 1562 meter over havet, aust for Lattakia.[1] I nord fell høgda ned til 900 meter over havet, og i sør til 600 meter over havet.
I antikken var fjella kjend som Bargylus[2] og under assasinane vart dei kalla Jabal Bahra (arabisk جبل بحراء).[3] Dei vert stundom òg kalla Nusayriyahfjella (arabisk جبال النصيرية, Jibāl an-Nuṣayriyah) eller Alawiyinfjella (arabisk جبال العلويين, Jibāl al-‘Alawīyin) og begge desse namna syner til den etno-religiøse gruppa alawi som tradisjonelt har levd her.
Vestsida av fjella tar imot dei fuktige vindane frå Middelhavet og er derfor meir frodig og tettare folkesett enn austsida. Orontes flyt nordover langs sida av fjellkjeda på austsida i Ghabdalen, ein 64 km lang dal,[4] og så rundt nordkanten av fjellkjeda til Middelhavet. Sør for Masyaf er det ei stor forkasting som går nordaust til sørvest, mellom An-Nusayriyah-fjellet frå Libanonfjella ved kysten og Anti-Libanonfjella i Libanon, kalla Homskløfta.[1]
Mellom 1920 og 1936 danna fjella ein del av austgrensa mellom Alawitstaten i Det franske mandatet for Syria og Libanon.