República Dominicana
(norsk: Den dominikanske republikken, dominikansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Quisqueyanos valientes» | ||||||
Motto | Spansk: Dios, patria, libertad (Gud, fedreland, fridom) | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Spansk | ||||||
Hovudstad | Santo Domingo | ||||||
Styresett |
Republikk Leonel Fernández | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
48 670 km² (129.) 1,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
10 734 247 (86.) 220,6 /km² (40.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Portugal 27. februar, 1844 | ||||||
Nasjonaldag | 27. februar | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
147 600 mill. USD (72.) USD (.) | ||||||
Valuta | Dominikansk peso | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Telefonkode | +1809 og +1829 | ||||||
Toppnivådomene | .do
|
Den dominikanske republikken er eit land som opptek dei austlege to tredjedelane av øya Hispaniola i Karibia. I vest har landet grense til Haiti. Etter Cuba er Den dominikanske republikken er det nest største landet i Karibia, både i folketal og flatevidd. Folk frå Den dominkanske republikken blir kalla dominikanarar.
Den dominikanske delen av Hispaniola var den første spanjolane busette seg på etter oppdaginga si av «Den nye verda», og hovudstaden Santo Domingo står på UNESCO si liste over verdsarv.[1] Landet fekk sjølvstende i 1821, etter tre hundreår med hovudsakleg spansk styre. Landet har gått gjennom lange periodar med manglande politisk stabilitet og demokrati. USA okkuperte landet frå 1916 til 1924. Diktatoren Rafael Trujillo hadde makta fram til 1961. Den påfølgjande borgarkrigen i 1965 førte til invasjon frå USA og deretter eit autoritært styre frå Joaquín Balaguer i perioden 1966–1978. Etter dette har landet vore eit partamentarisk demokrati, hovudsakleg leia av Leonel Fernández etter 1996.