Den romerske republikken (latin Res Publica Romanorum) var perioden av Romarriket frå 510 fvt. til omdanninga til det romerske keisarriket. Sjølve omgjeringa frå republikk til keisarrike var ein lang prosess, men det er ofte sett i samanheng med Julius Cæsar si utnemning av seg sjølv som diktator på livstid i 44 fvt., og 2. september 31 fvt., slaget ved Actium. Den 16. januar 27 fvt., då senatet gav Octavian tittelen Augustus, er den vanlegaste tidfestinga av slutten på republikken.