Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Den store ufreden

Den store nordiske krigen

Den store ufreden (finsk isoviha, svensk stora ofreden) er eit omgrep som vert nytta i finsk historie om den russiske invasjonen og okkupasjonen av det svensk-kontrollerte Finland frå 1714 og fram til freden i Nystad i 1721, som enda den store nordiske krigen. Stundom vert uttrykket nytta om heile den store nordiske krigen.

Under krigen kjempa finske soldatar i Polen og Russland, men dei vart òg sende ut for å forsvare områda i Baltikum, der dei gradvis måtte bukke under for åtaka til Peter den store. Etter nederlaget i Poltava i 1709, var ikkje den svenske armeen lenger til nok hjelp. Russland erobra Viborg i 1710 og invaderte resten av Finland i 1713, der dei slo den finske armeen i slag i Pälkäne i 1713 og Storkyro (Isokyrö) i februar 1714.

Etter sigeren i Isokyrö vart Mikhail Golitsyn guvernør i Finland. Finnane starta geriljakrig mot russarane. Som hemn måtte dei finske bøndene betale store skattar til russarane (som var vanleg på den tida). Plyndringa var omfattande, særleg i Österbotten og i samfunna nær hovudfartsårene. Kyrkjene vart plyndra og Isokyrö brende ned til grunnen. Russarane nytta brente jords taktikk i eit fleire hundre kilometer breitt belte for å hindre svenske motåtak. Om lag 5 000 finnar mista livet og kring 10 000 vart tekne som slavar, og berre nokre få tusen av desse kom nokon gong attende.[1] Tusenvis, særleg funksjonærar, flykta òg til det (relativt) trygge Sverige. Dei fattigare bøndene gøymde seg i skogane for å unngå herjinga til okkupasjonsmakta og tvangsutskrivinga.[2]. Nådeløysa var verst mellom 1714 og 1717 då den frykta svenske greven Gustaf Otto Douglas, som hadde gått over til russarane i løpet av krigen, leia okkupasjonen.

I tillegg til røvinga til russarane vart Finland, i lag med dei baltiske landa, råka av pest. I Helsingfors mista 1185 menneske livet, nesten to tredjedelar av innbyggjarane.[2]

Sjølv den svenske vestsida av Bottenhavet vart herja av russarane. Byen Umeå vart brend ned av russarane den 18. september 1714 og etter å ha vorte bygd opp att, vart han herja igjen i 1719, 1720 og 1721.

Det tok fleire tiår før den finske folkesetnaden og økonomien kom seg på fote att etter freden i 1721, men då vart Finland igjen plaga under den mindre ufreden, som ikkje råka landet like hardt.

  1. Suomen historian pikkujättiläinen. ISBN 951-0-1425-0. s. 265.
  2. 2,0 2,1 Uppslagsverket Finland, 1985

Previous Page Next Page






الغضب الأكبر Arabic Gran Ira Catalan Store Ufred Danish Großer Unfrieden German Μεγάλη Οργή (Φινλανδία) Greek Great Wrath English Isoviha ET Isoviha Finnish Grande colère French 대격노 Korean

Responsive image

Responsive image