Despoina | |||
| |||
Mor | Demeter | ||
---|---|---|---|
Far | Poseidon |
Despoina (gresk Δέσποινα; «frue» eller «herskarinne»), også gjengitt som Despoena eller Despoine, var ei fruktbarheitsgudinne i gresk mytologi som blei dyrka saman med mora si Demeter i ein arkadisk mysteriekult. Det sanne namnet hennar blei berre avslørt for dei innvigde.[1] Ho er tett identifisert med gudinnene Persefone, Artemis og Hekate, som alle bar tittelen «despoina».[2]
Despoina var dotter av Demeter og havguden Poseidon, og syster av Arion.[3] Geografen Pausanias nemner Demeter med to døtrer, Kore som var fødd fyrst, og seinare Despoina. Då Zevs var far til Kore («Jomfrua»), og Poseidon var far av Despoina, gjer Pausanias klart at Kore er Persefone, sjølv om han kunne ikkje avsløra det verkelege namnet til Despoina. I den antekne eldste og primitive myten oppdaga Poseidon Demeter, «Jordmodera», og han kravde henne. For å unngå han forvandla ho seg til ei hoppe, men han tok forma av ein hingst og para seg med henne. Frå denne foreininga blei dottera Despoina og den fabelaktige hesten namn Arion (Ἀρείων) fødd. Gjennom raseriet sitt over overgrepet til Poseidon tok Demeter epitetet Erinys, «den uforsonlege».[4]