Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Det bissauguineanske flagget

Storleiksforhold: 1:2

Det bissauguineanske flagget blei tatt i bruk i 1973 etter at Guinea-Bissau blei sjølvstending frå Portugal. Flagget har dei tradisjonelle panafrikanske fargane (gullfarga, grønt og raudt) i tillegg til den svarte afrikanske stjerna. Utforminga av flagget er sterkt påvirka av det ghanesiske flagget. Fargane har dei same tydingane: raudt står for blodet til martyrane, grønt for skogar og gull for mineralrikdommane.[1]

  1. Smith, Whitney (19. juli 2013). «Flag of Guinea-Bissau». Encyclopædia Britannica. Henta 17. september 2014. 

Previous Page Next Page