Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Diagenese

Diagenese er summen av alle fysiske, kjemiske og biologiske endringar, unnteke forvitring og metamorfose, eit sediment går gjennom etter avsetjing.[1]

Sand vil i denne prosessen gå over til sandstein, leire til leirskifer og kalkslam til kalkstein. Prosessane føregår ved samanpressing, omkrystallisering og sementering av korna med nydanna mineral.

I tillegg omfattar diagenese alle andre prosessar som går føre seg i sedimenta eller sedimentære bergartar ved låg temperatur (under 200 °C), mellom anna omdanning av organisk materiale til kol, olje og gass.

  1. Lapidus, Dorothy Farris: Collins dictionary of geology. HarperCollins 1990 (Fyrste gong gjeve ut som «The facts On File Dictionary of Geology and Geophysics», 1987) ISBN 0-00-434148-1

Previous Page Next Page






Diagenese AF نشأة مابعدية Arabic Diagenez AZ Диагенеза Bulgarian অনুজনন Bengali/Bangla Diagènesi Catalan Diageneze Czech Diagenese Danish Diagenese German Διαγένεση Greek

Responsive image

Responsive image