Dinosaurar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Infraklasse: | †Elpistostegalia |
Overorden: | Dinosaurar Dinosauria Owen, 1842 |
Dinosaurus (frå gresk deinos, ‘frykteleg’, og sauros, ‘øgle’) eller kjempeøgler er namnet på ein type krypdyr som levde i mesozoikum, 225 til 65 millionar år før vår tid, og inkluderte dei største krypdyra som har eksistert (sokalla kjempeøgler).
Det fanst store mengder dinosaurar på jorda gjennom mykje av trias og heile jura og krit, men nesten alle døydde brått ut over heile planeten då ein asteroide med ein diameter på om lag 10 km kolliderte med jorda i det som no er Chicxulub nær byen Progreso i Mexico. Kollisjonen førte tvillaust til vulkanutbrot og skogbrannar. Oske frå desse, saman med støv frå samanstøyten, mørkla Jorda i mange månader og førte til katastrofale ringverknader på klimaet i dei følgjande ti tusen åra, ifølgje utrekningar gjorde i 2001 av forskarar ved California Institute of Technology etter analyser av heliumisotopar i sediment frå perioden. Den vesle gruppa dinosaurar som overlevde er i dag kjend som fuglar.
Forsteina dinosaurusbein må ha blitt funne av menneske i forhistorisk tid òg, og er kan hende opphavet til segna om drakar. Det første funnet av dinosaurusbein i moderne tid vart gjort i Woodbury Creek i New Jersey i 1787, men vart ignorert av forskarane. Dei første utgravne beina som enno er bevarte, vart funne i 1818 og finst no på Peabody Museum ved Yale-universitetet. Først på midten av 1880-talet skjønte folk kor gamle slike fossil faktisk er, og innsåg kor store somme av desse dyra må ha vore. Dyra fekk namnet dinosaurar, «skrekkøgler», og både namnet og storleiken på fossila sette fantasien i sving hjå folk flest. Ikkje minst blei det populært blant born å læra om dei store, fryktinngytande kjempene som levde for lenge sida. I løpet av dei siste hundre åra er det funne fossil frå rundt 1 850 slekter av dinosaurar, men berre nokre få hundre av desse er grundig undersøkte.
Dinosaurane var særs varierte og fanst i dei fleste økosystem i tida si: Nokre var svært store, andre ganske små. Somme vandra omkring på alle fire, somme gjekk på to. Nokre var kjøtetarar, andre planteetarar. Det er funne fossil med delvis intakt skinn, som minnar om krokodilleskinn, men ingen veit t.d. kva farge dinosaurane hadde. Paleontologane stridest framleis om om dinosaurane var varm- eller kaldblodige.