Dnepr, Dnipro, Dnjapro | |||
russisk Днепр (Dnepr) belarusisk Дняпро (Dnjapro) ukrainsk Дніпро (Dnipro) | |||
elv | |||
Land | Russland, Belarus Ukraina | ||
---|---|---|---|
Tilløp | |||
• venstre | Sozj | ||
• høgre | Drut | ||
Nedslagsfelt | 516 300 km² | ||
Byar | Dorogobuzj | ||
Lengd | 2 290 km | ||
Middelvassføring | 1 670 m³/s | ||
Kjelde | |||
- stad | Valdaihøgdene, Russland | ||
• høgd | 220 moh. | ||
- koordinatar | 55°52′00″N 33°41′00″E / 55.86667°N 33.68333°E | ||
Munning | Svartehavet | ||
- koordinatar | 46°30′00″N 32°20′00″E / 46.50000°N 32.33333°E | ||
Dnepr 55°52′20″N 33°43′26″E / 55.8721°N 33.7239°E | |||
Dnepr-vassdraget
| |||
Wikimedia Commons: Dnieper (river) |
Dnepr, Dnipro eller Dnjapro[1] er ei elv som renn frå Russland, gjennom Belarus og Ukraina, før ho renn ut i Svartehavet. Den totale lengda hennar er 2 285 km, der 485 km er i Russland, 595 km i Belarus og 1 095 km i Ukraina. Dnepr sitt nedslagfelt er heile 504 000 km², der 289 000 km² er innanfor grensene til Ukraina.[2]
Dnepr har utspring i torvmyrar i Valdaihøgdene i Russland, i ei høgd på 220 meter.[2] Ho renn hovudsakleg sørover, og renn til slutt ut i Svartehavet. 115 km av elva er ei naturleg grense mellom Belarus og Ukraina. Om lag 800 km av elva er ei rekkje av nesten samanhengande reservoar.
Dnepr er knytt til Vestre Bug gjennom Dnepr-Bug-kanalen. Elvemunningen eller limanen vart tidlegare verna av festninga Otsjakiv.