Doboj Jug | |
---|---|
Andre namn | Добој Југ |
Styresmakter | |
Land Kanton |
Bosnia-Hercegovina Zenica-Doboj |
Geografi | |
Flatevidd | 102 km² |
Innbyggjarar - Kommune (2013) |
4 137[1] |
Koordinatar | 44°41′46″N 18°3′1″E / 44.69611°N 18.05028°E |
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.dobojjug.ba | |
Plassering | |
Doboj Jug (bosnisk kyrillisk Добој Југ) eller Sør-Doboj er ein kommune i kantonen Zenica-Doboj innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[2] Hovudsete i kommunen er landsbyen Matuzići.
Etter Daytonavtalen vart byen Doboj og det meste av den tidlegare kommunen liggjande i Den bosniske serbarrepublikken. To mindre delar vart liggjande i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina som kommunane Doboj Istok (Aust-Doboj) og Doboj Jug.