Dovrefjell | |||
fjellområde | |||
Dovrefjell, med Fokstua nærast og Snøhetta i det fjerne
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet, Møre og Romsdal, Trøndelag | ||
Høgd | Snøhetta: 2 286 moh. | ||
Dovrefjell 62°06′00″N 9°25′00″E / 62.1°N 9.41666667°E | |||
Wikimedia Commons: Dovre (mountain range) |
Dovrefjell er eit fjellområde som dannar ein barriere mellom det sørlege Noreg og Trøndelag. Det ligg nord for Lesjadalføret i Nord-Gudbrandsdalen. Elva Jora er rekna som den vestlege grensa, Driva og Innset dannar grense i nord og Grimsdalen og Savalen i aust. Området innanfor desse grensene utgjer kring 4500 km².[1]
Dovrefjell er rekna som eit norsk nasjonalsymbol. Staden er kjend for å vera del av den såkalla Eidsvoll-eiden frå 1814: «Enige og tro inntil Dovre faller.»[2]
I 2002 vart tidlegare Dovrefjell nasjonalpark (oppretta 1974 - 265 km²) kraftig utvida ved opprettinga av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark på 1693 km². Vernestatusen til området er med på å ta vare på ein storslagen natur og eit uvanleg rikt plante- og dyreliv. Vestleg del er prega av steile fjell der Snøhetta ragar høgast (2286 moh.). I aust er berggrunnen kalkrik, og her finst Nord-Europa sitt rikaste plantefjell med sjeldne artar som norsk malurt og dovrevalmue. Moskusdyra er eit anna særmerke for Dovrefjell. Rein finst òg. Det er store uttak av skifer i området, og ei tidlegare gullgruve (nedlagd på slutten av 1700-talet).