Drake-likninga er ei enkel matematisk likning innanfor astrobiologien og leitinga etter utanomjordisk intelligens (SETI-prosjektet). Ho vart formulert av astrofysikaren Frank Drake i 1960, og har som mål å syna kor mange intelligente sivilisasjonar med radioteknologi som finst i Mjølkevegen til ein kvar tid.