Drikkeglas er eit ilåt brukt til å servera drikkevarer i, og til å drikka av. Glas er anten utan hank eller av glas, men finst også i materiale som plast og metall.
Glas finst i mange utformingar ut frå bruksområde; både kva slags drikke ein vil ha i dei og kor praktiske eller forfina ein vil ha dei. Dei kan vera sylinderforma, men har oftare ei mindre grunnflate som dei vidar seg ut frå mot åpninga. Mange glas står også opphøgd på ein stett.