Arak kan visa til fleire ulike typar asiatisk brennevin. I Midtausten er nemninga knytt til produkt smaksett med anis, i Sør- og Søraust-Asia kan arak vera laga av gjæra palmesaft eller sukkermelasse og ris. Ordet «arak» kjem opphavleg frå arabisk og tyder bokstaveleg 'saft' eller 'sveitte', men viste tidlegare helst til ʿaraq at-tamr, [gjæra] daddelsaft'.[1]
Arak med anissmak laga av druedestillat er særleg utbreidd i Libanon og kringliggjande land.[2] Han minner mykje om gresk ouzo og tyrkisk raki. Drikken er klar på farge, men blir kvit når ein blandar han med vatn.
I Sudan er det lokale, klare brennevinet laga av daddelsaft eller sorghum kjend som araqi[3] eller aragi. Ein tilsvarande drikk er også kjend frå Saudi-Arabia.[4]
Sri Lanka og delar av India har ein omfattande produksjon av arak laga av palmesaft.[2] Drikken er som regel brun på farge.
I Indonesia lager ein romliknande arak av sukkermelasse og kaker av tørka ris.[2] Denne drikken kan vera brun eller klar på farge.
I Mongolia er arak laga av gjæra hestemjølk. Namnet har minst vore brukt sidan 1300-talet.[4]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet OED
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet BBC
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Economist