Dronning Fabiolafjella | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 71°30′S 35°40′E / 71.500°S 35.667°E | ||
Lengd | 48 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Dronning Fabiolafjella 71°30′00″S 35°40′00″E / 71.5°S 35.666666666667°E | |||
Dronning Fabiolafjella er ei gruppe fjell i Antarktis. Fjella strekkjer seg over 48 km og består hovudsakleg av sju mindre massiv frå nord tils ør og som dannar ein delvis barriere for isstraumane innanfor. Fjella ligg kring 140 km sørvest for botnen av Lützow-Holmbukta. Fjella vart oppdaga og fotografert frå fly under Belgica-ekspedisjonen i 1960 under Guido Derom den 8. oktober 1960. og namngjeve med løyve av kongen etter dronning Fabiola de Mora y Aragón, då ho gifta seg med kong Baudouin av Belgia. I november-desember 1960 vart fjella vitja av eit lag under Den japanske antarktisekspedisjonen (JARE), 1957–1962, som gjorde geomorforlogiske og geologiske undersøkingar. Dei nytta namnet «Yamato Sanmyaku».[1] Highest massif is Mount Fukushima (2,470 m).