Dunedin | |
---|---|
Kallenamn «Edinburgh of the South[1] Dunners (i daglegtale)[2]» | |
Styresmakter | |
Land | New Zealand Region: Otago |
Grunnlagd | 1848 |
Mayor | Aaron Hawkins |
Geografi | |
Flatevidd | 3 286,2 km² |
Flatevidd - City - Urbant |
3314 km² 255 km² |
Innbyggjarar - City (6. mars 2018; 30. juni 2020; 29. april 1906; 2. april 1911; 15. oktober 1916) - folketettleik - Byområde |
123 700 37,3/km² 115 700 |
Koordinatar | 45°52′S 170°30′E / 45.867°S 170.500°E |
Tidssone - Ved sommartid |
+12 (UTC) +13 (UTC) |
Diverse anna | |
Postnummer | 9010, 9011, 9012, 9013, 9014, 9016, 9018, 9022, 9023 |
Telefon-retningsnummer | 03 |
Heimeside: http://www.cityofdunedin.com | |
Nettstad: www.dunedin.govt.nz | |
Plassering | |
Dunedin (ⓘ), maori Ōtepoti, er den nest største byen på Sørøya på New Zealand, og den viktigaste byen i regionen Otago. Byen har eit folketal på 123 700 menneske.[3] Han er det sjuande største urbane området på New Zealand, og var fram til 2010, då Auckland Council vart danna, byen med den største flatevidda i landet. Både historisk, kulturelt og geografisk er Dunedin rekna mellom dei fire største bysentera på New Zealand.
Det urbane området i Dunedin ligg sentralt på austkysten i Otago, kring Otago Harbour. Hamna og høgdedraga kring Dunedin er restar etter ein utsløkt vulkan. Forstadane til byen strekkjer seg ut i dalane og åsane omkring, til eidet på halvøya Otago Peninsula, og langs breiddene til Otago Harbour og Stillehavet.
Den største verksemda i byen er høgare utdanning – Dunedin hyser University of Otago, det første universitetet på New Zealand (frå 1869), og Otago Polytechnic. Universitetet står for om lag 20 prosent av innbyggjartalet i byen.