Eidfjord kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Eidfjord | ||
Areal | 1 492 km² | ||
• land | 1 393 km² | ||
• vatn | 99 km² | ||
Folketal | 968 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Anders Vatle (Sp) | ||
Kommunenr. | 4619 | ||
Eidfjord kommune 60°29′48″N 7°08′28″E / 60.496637°N 7.141113°E | |||
Kart som viser Eidfjord kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Eidfjord | |||
Nettstad: www.eidfjord.kommune.no |
Eidfjord er ein kommune i Vestland fylke, i Hardanger. Eidfjord kommune ligg inst i Hardangerfjorden, og administrasjonssenteret er tettstaden med det same namnet. Eidfjord vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. I 1964 vart kommunen slegen saman med Ullensvang herad. I 1977 vart Eidfjord nok ei gong sjøvstendig kommune. Kommunen grensar i nord til Ulvik herad, og i vest til Ullensvang herad. I aust grensar Eidfjord til Hol kommune og Nore og Uvdal kommune i Buskerud fylke.
Lokalavisa Hardanger Folkeblad tek mål av seg til å dekkja Eidfjord. Regionavisa Bergens Tidende har noko stoff frå kommunen.