Fleire eincella algar frå ordenen Volvocales .
Eincella organismar er organismar som berre består av ei celle . Dei fleste slike organismar er mikroskopiske, og blir derfor rekna som mikroorganismar . Andre kan ein sjå med det nakne auget.[ 1]
Eincella organismar er ei mangfoldig gruppe. Nokre har mange organellar , som mitokondrium eller flimmerhår ,[ 2] medan andre nesten berre har det dei treng for å kunna formeira seg . Nokre lagar skal av kiselsyre , kitin eller kalk . Dette gjeld til dømes mange frittlevande eincella protoktistar som skalamøbar , foraminiferar og soldyr .[ 3]
Det er kjend om lag 300 000 artar eincella organismar.[treng kjelde ]
Ernst Haeckel føreslo i 1866 eit eige biologisk rike for eincella organismar, protistar (Protista ). Dette har ein seinare gått bort frå.[ 4] [ 2]
Nokre døme på eincella organismar er:
Xenophyophorea , ei gruppe kjempemessige eincella organismar innan rekkja Foraminifera . Syringammina fragilissima kan nå ein diameter på opptil 20 cm.[ 5]
Nummulitidae
Valonia ventricosa , ein alge i klassen Chlorophyceae , kan nå ein diameter på 1-4 cm.[ 6] [ 7]
Acetabularia , alge.
Caulerpa , alge[ 8]
Gromia sphaerica , amøbe
Thiomargarita namibiensis , den største kjende bakterien, kan få ein diameter på opptil 0,75 mm.
Epulopiscium fishelsoni , bakterie
↑ Max Planck Society Research News Release Accessed 21 May 2009
↑ 2,0 2,1 liv – systematisk inndeling (10.05.2013) i Store norske leksikon.
↑ skjelett (04.06.2013) i Store norske leksikon.
↑ protister (10.05.2013) i Store norske leksikon.
↑ Researchers Identify Mysterious Life Forms in the Extreme Deep Sea. Arkivert 2011-10-26 ved Wayback Machine . Accessed 2011-10-24.
↑ Bauer, Becky (October 2008). «Gazing Balls in the Sea» . All at Sea . Arkivert frå originalen 17. september 2010. Henta 27 August 2010 .
↑ John Wesley Tunnell, Ernesto A. Chávez, Kim Withers (2007). Coral reefs of the southern Gulf of Mexico . Texas A&M University Press. s. 91. ISBN 1-58544-617-3 .
↑ http://www.wisegeek.com/what-is-the-largest-biological-cell.htm