Eldre dryas var eit stadial mellom bøllingtida og allerødtida under den siste istida i pleistocen for kring 12 000 år sidan.[1] Tida er kalla opp etter den alpine planta dryas, som blømde i denne perioden.
Perioden var kald og tørr og ein har funne sterke signal etter perioden nord i Eurasia, særleg i Nord-Europa.