Elsa Laula Renberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. november 1877 Storseleby |
Død |
22. juli 1931 (53 år) |
Yrke | reindriftsutøver, politikar |
Elsa Laula Renberg på Commons |
Elsa Laula Renberg (29. november 1877–22. juli 1931) var ein svensk-norsk sørsamisk reineigar, organisasjonsbyggjar, aktivist og politikar. For si rolle under Samemøtet i 1917 vert ho rekna som ein viktig føregangsperson i kampen for samar sine rettar. Ho var òg med på å starte den fyrste sameforeininga i verda, Lapparnas Centralförbund, i Stockholm i 1904.
Blant kampsakene hennar var retten til undervisning på samisk i skulen. I tida hennar som samepolitikar i Sverige var eit hovudtema at samane burde ha eigedomsrett til skattelanda sine og rett til å drive fastbuande jordbruk, og spørsmålet om røysterett uavhengig av eigedom og inntekt. I Noreg kjempa ho for at den tradisjonelle samiske nomadiske reindriftskulturen – mjølkebruksreindrift – framleis skulle få levelege vilkår.