Endurance-ekspedisjonen (offisielt Imperial Trans-Antarctic Expedition) 1914–17 var ein ekspedisjon sett i gang og leia av Ernest Shackleton for å krysse det antarktiske kontinentet. Etter Roald Amundsen si erobring av Sørpolen i 1911 rekna Shackleton kryssinga av kontinentet som den siste store utfordringa i Antarktis.[1] Ekspedisjonen mislukkast i å nå målet sitt, men står likevel som ei av dei største bragdene i den heroiske tidsalderen for antarktisutforskning etter at ekspedisjonsfartøyet «Endurance» gjekk tapt i isen og deltakarane redda livet ved å segle i livbåtar til Elefantøya og Sør-Georgia, der dei fekk varsla norske kvalfangarar.
Shackleton hadde røynsle frå Antarktis som deltakar på Robert F. Scott sin Discovery-ekspedisjon 1901–04 og som leiar av Nimrod-ekspedisjonen 1907–09. På denne nye ekspedisjonen foreslo han å segle til Weddellhavet og ilandsetje ei gruppe nær Vahselbukta som skulle gjennomføre ein transkontinental marsj via Sørpolen til Rosshavet. Ei støttegruppe, Rosshavsgruppa, skulle samstundes segle til motsett side av kontinentet, etablere ein leir ved McMurdo-sundet, og derfrå leggje ut ei rekkje depot på Rossbarrieren fram til foten av Beardmorebreen. Desse depota ville vere naudsynte for at polkryssarane skulle overleve, då dei ikkje ville vere i stand til å frakte med seg nok proviant for heile marsjen. Ekspedisjonen trong to fartøy: «Endurance» med Shackleton til Weddellhavet og «Aurora» med Aeneas Mackintosh til Rosshavet.
«Endurance» vart frosen inne i isen i Weddellhavet før ekspedisjonen nådde Vahselbukta, og trass i forsøk på å frigjere skuta dreiv ho heile vinteren 1915 nordover innhylla i is. Til slutt vart fartøyet skrudd ned av ismassane og knust, noko eit skipbrote mannskap på 28 menn som stod att på sjøisen vart vitne til. Etter å ha halde seg fleire månader på isen, kunne gruppa gå i livbåtane og nådde deretter den ugjestmilde og folketomme Elefantøya i øygruppa Sør-Shetlandsøyane. Shackleton og fem andre gjennomførte deretter ein seglas på 1300 kilometer til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird». Etter mykje om og men var Shackleton i stand til å berge resten av gruppa som venta på Elefantøya, utan at menneskeliv hadde gått tapt. På den andre sida av kontinentet overvann Rosshavsgruppa store utfordringar for å gjennomføre oppdraget sitt. «Aurora» sleit seg frå fortøyinga under ein storm og var ute av stand til å vende tilbake, og etterlét seg dermed landgruppa utan naudsynt utstyr og proviant. Trass i dette makta dei å leggje ut depota, men tre liv gjekk tapt under oppdraget.