Ephraim Wolff Koritzinsky | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. juni 1883 Karlstad |
Død |
15. mai 1942 (58 år) |
Yrke | kirurg |
Religion | Jødedommen |
Ephraim Wolff Koritzinsky (1883–1942) var ein svenskfødd norsk jødisk kirurg som blant anna arbeidde som overlege ved Sjukehuset i Kristiansund (1920–33) og ved Trondhjem Sykehus (1933–41). Han var kjend som ein rettskaffen og frittalande mann.
Ephraim Wolff Koritzinsky vart fødd i Karlstad i Värmland i 1883 av foreldra Abraham Josef Koritzinsky (1858–1928) og Pauline Abrahamson (1858–1908). Han gjekk på skule i Hamburg frå 1894 til 1898 og tok norsk artium i 1901. Han avla medisinsk embetseksamen i 1909. Frå 1912 kombinerte han eigen privatpraksis med eit årsvikariat ved Sjukehuset i Kristiansund. Under første verdskrigen arbeidde han først ved Nordland Amtssykehus i Bodø og deretter i München og Bonn. I 1917–19 arbeidde han ved Ullevål kirurgiske avdeling.