Our website is made possible by displaying online advertisements to our visitors.
Please consider supporting us by disabling your ad blocker.

Responsive image


Erkehertug

Erkehertug (latin archidux) var adelstittelen som vart brukt av dei habsburgske herskarane av Austerrike inntil 1918.

Austerrike var opphavleg eit bayersk markgrevskap, men vart i 1156 eit sjølvstendig hertugdøme. Hertug Rudolf IV fann opp 1359 tittelen erkehertug for å bli likestilt med Det tysk-romerske riket sine kurfyrstar (som òg vart omtalt som erkefyrstar). Han forfalska eit papir som skulle dokumentere tittelen, men keisar Karl IV respekterte det ikkje.

Etter at keisartittelen hadde vorte knytt til huset Habsburg, kunne Fredrik III i eigenskap som tysk-romersk keisar offisielt respektere tittelen og gjere bror sin Albrecht VI til erkehertug av Austerrike. Frå og med 1453 var dermed erkehertug(inne) den offisielle tittelen på herskaren i Austerrike, men òg av dei ikkje-regjerande medlemmane av huset Habsburg. «Austerrike» var likevel ikkje av dagens omfang, men viste berre (omtrent) til dagens delstatar Nieder- og Oberösterreich. Difor vart tittelen erkehertug av Austerrike halde sjølv etter at Austerrike vart keisardøme i 1804. Erkehertugdømet (Nieder- pluss Ober-)Austerrike var nemleg berre ein del av det mykje større keisarriket Austerrike(-Ungarn).

Lista over austerrikske erkehertugar er altså (med eitt avbrekk) identisk med lista over tyske keisarar frå 1453 til 1806, og med lista over austerrikske keisarar frå 1804 til 1918. Det einaste unntaket var perioden 17401780, då Maria Teresia av Austerrike var erkehertuginna av Austerrike, medan tittelen tysk-romersk keisar var førehalden mannen hennar Frans Stefan (17451765) og sonen hennar (1765–1790).


Previous Page Next Page






أرشيدوق Arabic ارشيدوق ARZ Archiduque AST Ershersoq AZ Эрцгерцог BA Эрцгерцаг BE Ерцхерцог Bulgarian Nadvojvoda BS Arcivévoda Czech Ærkehertug Danish

Responsive image

Responsive image